Redaktør Ivar Molde er død

6. februar døydde redaktøren vår brått og uventa, og for Stille Stunder er det eit stort tap at Ivar no er borte. Han har betydd svært mykje for bladet, og har leia arbeidet på ein trygg og god måte dei siste 20 åra. Det har blitt eit godt og variert blad som lesarane set pris på, og tingartalet har auka frå rundt 1200 i 2009 til over 3300 i 2024.


Med takksemd vil me minnast Ivar.


Ivar har knytt til seg mange gode og kunnskapsrike skribentar, og det vert no jobba med korleis vegen blir vidare. Bladet vil halda fram med å koma ut, men det er førebels uavklart kven som vil ta over som redaktør og kva tid me klarer å få ut neste nummer.

Første blad i 2024

Me startar no på 135. årgang av bladet, og ved inngangen til 2024 kan me melda om eit tingartal på 3.369. Dette er ein liten nedgang samanlikna med førre årsskifte.


Likevel har me mange nøgde tingarar, og det viser att i gåveinntektene som i 2023 var på meir enn 120.000 kroner. Dette kjem i tillegg til bladpengane, og er ein fin auke frå året før.


I  dette nummeret kan ein som vanleg finna mykje, variert og godt lesestoff, og du kan finna nokre av sidene i bladet på lenkja under.


Litt frå blad 1/24

Kommentarer

Stille Stunder

04.11.2022 11:29

Fint om du går inn på "Bestill bladet" i menyen og vidare til skjemaet for bestilling dersom du vil tinge bladet.

Nyeste kommentarer

04.11 | 11:29

Fint om du går inn på "Bestill bladet" i menyen og vidare til skjemaet for bestilling dersom du vil tinge bladet.

Del denne siden